Naturfagsordlista

Mål:

Vi vil lage eit oppslagsverk for realistar, i fyrste omgang for akademiske fag, frå engelsk til norsk (nynorsk). Nivået vil ligge på bachelor-nivå, lengre kan vi ikkje gå kun basert på frivillig arbeid.

Vi vil at oppslagsverket skal vere tilgjengeleg, både på papir og på internett. Kanskje til og med som «app», sidan det er så utruleg i vinden. Prosessen skal også vere særs open, det aller meste vil verte skildra og grunngjeve her på ord.nynorsk.no. Det skal vere mogleg å halde fram med arbeidet om vi legg det ned eller gjer oss «ferdige».

Vi vil at arbeidet skal vere grundig og at det skal appellere breitt i det norske naturfagsmiljøet. Og vil derfor satse på å få det sett gjennom av realistar frå alle dei store universiteta i Noreg.

Det er tidlegare laga ei god ordliste, Realfagsordlista (Jens Morten Nilsen, Studentmållaget i Nidaros), av same slaget, men vi vonar at vår vil ha større omfang og større tilgjenge. Vi vil sjølvsagt ikkje sjå bort frå dette arbeidet,  men det er viktig for oss at vi byrjar på nytt slik at det vert vårt eige.

 

Dei fyrste vala

Omfang: Vi fant tidleg ut at det er vanskeleg å få dette til å omfatte meir enn bachelor-nivå utan å ha dette som eit fulltidsprosjekt. Dette omfanget vil òg kome til å gagne flest. Kor mange oppslag dette vert er vanskeleg å seie, men mange hundre er realistisk.  Val av ord vert difor ei viktig oppgåve. Ordtilfanget vil vi i hovudsak finne i engelske lærebøker for universitetet, men vi vil også nytte bøker frå vidaregåande skule som referanse, sidan dei allereie finst på nynorsk. Ei problemstilling vi ikkje er heilt ferdige med å diskutere er kor mykje vekt vi skal leggje på å utvikle ny terminologi, truleg har vi ikkje, i alle fall ikkje aleine, den naudsynte kompetansen eller faglege tyngda som trengst.

Teknisk: Vi må ha noko som er robust og brukarvenleg. Det må kunne samle mange ulike data om kvart ord og enkelt kunne lage ei «ordliste», slik at jobben før trykking ikkje vert for stor. Kanskje skal vi nytte noko som vi kan redigere frå internett, slik at arbeidet vert meir fleksibelt. Verktøyet vil i alle fall ha open kjeldekode, slik at alle andre og kan nytte det til andre prosjekt. Dette kjem vi til å skrive meir om.

Tidsperspektiv: Vi ser for oss at arbeidet kan vere ferdig tidleg i 2013, språkåret. Men vår fyrste tidsfrist vert 1. januar 2012, då skal vi ha ein pilotversjon ferdig med eit par hundre ord.

Innhald: Vi vil ha ein engelsk-nynorsk ordliste som hovudverk, men vi vil leggje ved ganske mykje anna som òg kan vere nyttig (m.a. noko med bokmål, og fleire appendiks). Oppsettet på oppslaga er vi nesten i mål med og det kjem Bror til å skrive meir om.

 

Kva skjer no?

I sommar får vi vonleg på plass masse ord og det tekniske. Etter at orda er skrivne ned byrjar prosessen med å omsette og forklare.

Følg med!

 

Kristian
Kjemi og matematikk

Lagt inn i Naturfagsordlista, Naturfagsordlista, terminologi | 1 innspel

Ord-bloggen

Ord.nynorsk.no

Kva skal dette vere?

Dette skal vere ein  blogg for fleire prosjekt innanfor ordlisteproduksjon. Mellom anna for det nye prosjektet, starta i går, Naturfagsordlista. Det kjem eit oppstartsinnlegg for dette i

Bloggen kjem til å tene som eit oppslagsverk for andre som vil gjere liknande arbeid.

I tillegg vil det vere ein idemyldringsplass der vi samlar opp innspel som kjem. Så berre inspirer oss.

 

Kven held på med dette?

Naturfagsordlista er i hovudsak starta av Maria Svendsen (biologi), Bror Magnus Sviland Strand (leksikografi), Eva Holthe Enoksen (fysikk og matematik) og Kristian Weibye (kjemi og matematikk).

Odin Hørthe Omdal kjem til å ordne det tekniske, som mellom anna å starte denne bloggen.

 

Helsing frå Maria, Bror og Kristian

 

Lagt inn i Uncategorized | Legg att eit innspel